Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
|
|
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra OTRA
|
25.05.2015
FINN FRAM – DAGEN
«FINN FRAM – DAGEN» SKAL FÅ EVJEFOLK UT AV GODSTOLEN.
ORIENTERINGSGRUPPA I OTRA IL ARRANGERAR EIN «KOM DEG UT DAG» SUNDAG 31.MAI MED O-TRIMPOSTAR SOM LIGG UTE I SKOG OG MARK I MÅNADENE FRAMMOVER. MEININGA ER Å FÅ FOLK UT I SKOG OG MARK OG LEGGJE TIL RETTE FOR FLOTTE NATUROPPLEVINGAR SAMSTUNDES SOM EIN FRISKAR OPP ORIENTERINGSKUNNSKAPANE SINE.
|
|
O-trimmen i år inneheld heile 50 postar som ligg ute i terrenget i nærleiken av Evje sentrum samt Dåsnesmoen. 30 av postane ligg i Evjemoen skytefelt på karta Evjemoen og Evje sentrum. 10 postar ligg i Oddeskogen med lett tilgang frå Evje barnehage eller Oddeskogen bustadfelt. Dei 10 siste postane ligg på kartet Bullsknuten. Den eine posten ligg nære Masitoppen som er med på skigruppa sin 10 – toppers konkurranse. O-trimpostane ligg i nærleiken av stiar og skogsvegar slik at dei skal være lette å finne. O – trimmen skal være ei rekruttering til orienteringssporten samstundes som folk skal motiverast til å komme seg ut i flott natur.
Deltakarane må ha med seg eit kontrollkort ut i skogen og skrive ned bokstavkodane som står på kvar post (hugs blyant/penn!). Ekstra kontrollkort kan kjøpast i tillegg til sjølve o – timmposen. Det er nok med 10 postar totalt for å få premie. Postane heng ute frå 1. mai til 25. september og kan takast når det høver seg.
Sundag 31. mai arrangerer Otra IL – orientering ein «Finn fram» - dag med start og mål på Evje stadion. Her blir det lagt opp til nybyrjarkurs i orientering, samt ei fin og morosam barneløype og det blir premier til alle barn som kjem. Det blir og opplæring i bruk av kompass!
Orienteringsgruppa i Otra IL ynskjer at så mange som mogeleg er med på O-trimmen utover våren og sumaren for å oppleve den flotte naturen Evje og Hornnes har å by på. Når ein brukar sin eigen kropp på ein sunn og helsebringande måte blir kjensla ekstra god når ein finn dei ulike postane. Det er og spanande om ein finn dei ulike postane med bruk av berre kart og kompass. Heile familien kan gå på postjakt like i nærleiken av der dei bur og oppleve det naturen har å by i flotte og kjende områder.
Konvoluttar med kart og kontrollkort kan ein få tak i på Otrakontoret i Otrahallen, hjå Sport 1 på Evje eller Intersport Evje.
GOD TUR!
|
|
|
|
|
{hva_skjer_otra_b}
|