Det var eit jamt tilsig av bygdefolk som brukte kvelden til å få på plass dei første julegavene. Me i idrettslaget vil gjerne takke for det fine tiltaket.
(saka fortset under biletet)
May Gautestad Klungeland og Anita Birkeland er to av dei tilsette hos Intersport Evje. Treng du gode råd om fotballsko eller handballutstyr, er ekspertisen den beste.
Intersport på Evje blei grunna i 1998. Innehavarar er Jørgen Lien, Odd Inge Urdal, Jørn Salvesen, Gunnvald Omdal og Arnhild Flystveit. Forretninga har hatt ei jamn stigning i omsetning, og sel no sportsutstyr og jaktutstyr for om lag 16 millioner kroner i året. Sal av langrennsski og skiutstyr er eit satsingsområde, og butikken har óg ei veldig solid sykkelavdeling. I haust har dei fått hand om lokala i 2. etasje der Stigaren Pub tidlegare helt til, og med det fått utvida butikklokala med meir enn 150 kvadratmeter. Her oppe er det nå jakt- og fiskeutstyr. Resten av forretninga er ominreidd, og heile butikken framstår som ein svært triveleg og praktisk stad å handle. Ein hjørnesteinsbedrift i handelssenteret Evje.
(saka fortset under biletet)
Kristenrockaren Jørgen Lien frå Krossen (til venstre) og den vidgjetne kulepennsamlaren Gunnvald Omdal frå Hægeland er to av eigarane, og to lagelege karar å handle med.
Nå står julehandelen snart for tur. Innehavar Jørgen Lien fortel at dette er den beste tida på året når det kjem til omsetning. Saman med turistmånaden juli. Me i Otra IL ønsker både innehavarar og tilsette hos Intersport Evje lykke til med den travle førjulstida. Me ser fram til eit godt og triveleg samarbeid vidare i åra som kjem.
Butikken er utvida med over 150 kvadratmeter i 2. etasje.