Det er hoppkomitéen i skigruppa som står bak planane om utbygging av Trollbakken. Ved sida av fem hoppbakkar med K-punkt frå 5 til 45 m, er det på sikt meininga å bygge ut området til ein skipark/aktivitetspark med anlegg for ei rekkje forskjellige aktivitetar.
I samband med utbyggingsplanane søker skigruppa i haust om spelemidler til prosjektet. For å få spelemidler må ein kunne dokumentere rett til å disponere grunnen i minst 40 år. For å oppfylle dette kravet har ein forhandla fram ein leigeavtale med grunneigaren Evje og Hornnes kommune. Kommunen overtok eigedomsretten til områda rundt Trollbakken og Evje stadion, eit areal på omlag 100 daa, noko tidlegare i haust. Leigeavtalen no gjeld berre området inne ved Trollbakken. Areala rundt Evje stadion skal kommunen sjølv framleis ha hand om.
Otra IL (hovedlaget) er både juridisk og økonomisk den ansvarlege eininga i idrettslaget. Heile laget hefter for dei økonomiske forpliktelsane til undergruppene. Gruppene kan difor ikkje inngå avtalar eller representere laget utad utan styret si godkjenning. Det er såleis Otra sine vedtekter som krev at styret må godkjenne avtalen om å leige området rundt Trollbakken, før avtalen kan endeleg underteiknast med kommunen.
Det er spanande planar skigruppa har i Trollbakken. Sjølv om leigeavtalen til grunnen berre er eit lite steg på vegen, og planane for sjølve anleggsbygginga enno verken er klare eller godkjente, blir det eit interessant styremøte mandag kveld. Om skigruppa lukkast i å realisere planane, noko det er all grunn til å tru, vil dette bli ei av dei største utbyggingane av idrettsanlegg i bygda nokon gong.