A-laget i 1978. Det året debuterte både Ricky og Egil på seniorlaget. Ricky står heilt til venstre i bakre rekke. Egil sit heilt til venstre framst. Foto: Setesdølen.
Både Egil og Ricky har, som dei einaste, spelt aktivt frå ca. 1970 og heilt fram til i dag. 40 år samanhangande som Otra-spelarar! Ricky har endå greidd kunststykket å spele på A-laget i 2010, heile 32 år etter at han debuterte på laget i 1978.
Ei ny opplysning, som ikvartfall for underteikna var gått i gløymeboka, er at dei to begge starta som fotballtrenarar i 1978. I dag - 32 år seinare - er dei framleis trenarar for kvart sitt lag. Dei har ikkje vore trenarar alle desse 32 åra, men ganske mange. Det blir moro å summere saman når me ein gong har fått den heile oversikten.
I tillegg til 40 år som spelar, og mange år som trenar, har Ricky og vore med i fotballstyret nokre år. Egil har ikkje det, men kan i motsetnad til kameraten Ricky slå seg på brystet med at han har trent A-laget.
Når me har fått ein endå betre oversikt over historikken i fotballgruppa i dei 50 åra ho har vore, vil me kome attende med ein grundigare presentasjon av dei største profilane i gruppa. Men alt no kan me 99 prosent sikkert seie at ingen andre enn Ricky og Egil har vore aktive fotballspelarar i Otra i minst 40 samanhengande år. Når ein i tillegg tek med deira mangeårige engasjement som trenarar og på andre vis er det tvillaust at dei to er blandt dei aller viktigaste støttespelarane i fotballgruppa si historie.
Følg med på historiesida om du vil vete meir!