Hausten 2010 sende Jan og hjelparane hans to containerar med 513 syklar, datamaskiner, sportsutstyr, skulemateriell, sko, klede og leiketøy til Cuba. Etter det me veit, blei det óg sendt ein "sommercontainer" no i 2011. Neste sending er i oktober 2011.
(saka fortset under biletet)
Den nye fotballbanen i Pueblo Nuevo på Cuba. Foto: Jan Olsen
Fotballsatsinga er av nyare dato. Jan kan fortelje litt om ho sjølv:
"Det vanskelegaste i det landet, er å finne folk ein kan stole på. Men det ser ut som om vi har funne nokon i landsbyen Pueblo Nuevo ca 45 km vest for Havana. Med vår hjelp har dei nå ein av dei finaste fotball-banane på Cuba. Det er nok óg dei som er best utstyrt med drakter og ballar (frå Våg, Start og Torridal IL). Sist vinter hadde vi med nett til måla deira, ein luksus som er heilt uvanleg på Cuba.
Nils Gjermund Østerhus var med førre vinteren (2009). Då hadde dei planar om å byggje tribune, men mangla pengar til sement. Men det blei ei råd med det óg, for Nils finansierte tribuna på strak arm!
(saka fortset under biletet)
Den nye tribuna som er finansiert av Nils Gjermund Østerhus. Foto: Jan Olsen
Elles er det stadig ballar og fotballsko det er mest mangel på. Brukte fotballsko ser ut til å vere vanskeleg å få tak i. Det virkar som om spelarane her heime slit ut skoa før dei veks ut av dei."
Det er fantastisk å sjå den frivillige innsatsen Jan og hjelparane hans gjer - år etter år og utan å bli trøytte. Dei syner solidaritet over landegrensene og bidreg på sin måte til at mange medmenneskje får ein litt betre kvardag.
Her kan du sjå fleire flotte bilete av den nye fotballbanen og dei som brukar han.