A-laget sin veteranstoppar Joachim Moseid (39) har nådd ein formtopp dei siste vekene, og har storspelt i midtforsvaret til Otra i 6. divisjon. Både mot Just for ei drøy veke sidan og mot FC Blaa onsdag kveld vart han tildelt bestemannsprisen av den høgt kvalifiserte juryen.
Otrail.no er mykje forundra over denne utviklinga hjå den rutinerte midtstopparen, som dei fleste nok trudde var over toppen som fotballspelar og vel så det. Men så syner det seg at framgangen nok har si naturlege forklaring:
- Den gode formen til Joachim skuldast all treninga med rullatorgjengen søndagskveldane. Der får han spele saman med - og lære av - solide stopparar som Jon Terje Hegghaug og Barcelona-aktuelle Ricky Smeland. I tillegg blir han heile tida utfordra til yttergrensene for kapasiteten sin av glitrande angrepsspelarar som Tore Tveit og Svein Arne Olsen, seier manager Tore Tveit på veteranlaget til Otrail.no.