RESULTAT FJORD-TEMPO 8. AUGUST 2010.
Ein dølemoing var frekk nok til å vinne fjord-tempoen, som blei gjennomførd på en perfekt august-sundag. Some forbetra tida frå i fjor medan andre sykla dårlegare. Og Åse Gullsmedmoen bankar stadig mange av kara.
Familien Åsland gjorde det sterkt. Sjølv om Rolf måtte sjå seg slegen med 35 sekund og Åshild mista rekorden, så synte den 15 årige sonen deira Torjus seg fram. Ein femtenåring som syklar 58 km tempo på 1.43.08, bør ein merke seg og vone at han satsar vidare.
Resultat
1. Bjørn Notto Eppeland 1.32.17
2. Rolf Aasland 1.32.52
3. Arild Nicolaysen 1.36.50
4. Ole Endre Kallhovd 1.37.52
5. Rune Leifsen 1.39.09
6. Einar Kristian Tveitå 1.40.27
7. Torjus Åsland (15år) 1.43.08
8. Åse Gullsmedmoen 1.49.22
9. Torjus Leland 1.50.42
10. Olav Magne Tveitå 1.51.56
11. Jan Olsen 1.53.23
12. Åshild M. Aasland 1.53.59
13. Norleif Ødegård 2.06.43
14. Jon Omland 2.14.08
Bilete- tekstar:
1. Til tross for at Rolf Aasland stilte med ny-boona hakkespetthjelm, måtte han sjå seg slegen av Bjørn Notto Eppeland frå Dølemo.
2. Etter målgang var det sosialisering og suppe på verandaen hjå Einar Kristian Tveitå.
Heilt til venstre sit vinnaren Bjørn Notto eppeland frå Dølemo, og i midten sit Åse Gullsmedmoen som sletta den gamle "kvinne-rekorden".