Sykkelmoro på Bygland:
"VAKRE BYGLAND" TIL SUNDAG. 22.08.10
Skulane har starta, og etter det ein kan minnast frå barndomen, var det då det finaste sommarveret kom. Så fyrstkomande sundag vonar dei på godt og tenleg ver, når Bygland IL saman med "Sykler til Cuba" skipar til sykkelmoro på Bygland.
I år kuttar ein ut den lengste løypa, slik at det blir ei løype på 38 km rundt Åraksfjorden, og ei løype for dei yngste på 2,5 km , over Haugå/Kvaale og attende til Glashytta.
Dette kan alle vinne. Racer-sykkel, gåvekort og glasfat: Ein Merida Racer og 6 gåvekort på 500 kroner. Er du raskaste kvinne eller mann, får du eit glasfat i premie.
Som tidlegare år, har også i år alle deltakarane same sjanse til å vinne ein Merida racersykkel som blir trekt på startnummer. Likeeins blir det trekning på 6 gåvekort à 500 kroner.
Ein vil også friste dei raskaste. Difor er det og sett opp glasfat med inskripsjon, til raskaste kvinne og raskaste mann. Kven tek rekorden rundt Åraksfjorden??
Ein ynskjer folk på alle slags syklar velkomne til å vere med. Dersom nokon ikkje ynskjer å bli teken tida på, er det heilt greit, berre ein har betalt startpengar som er 50 kroner for barn og 100 for vaksne. Starten går ved Glashytta kl.11.00
Det blir salg av vafler og brus, og overskotet blir brukt slik at også små cubanarar får oppleve sykkelglede.
I fjor var det Rolf Aasland som var raskast i spurten. I år ser me for oss ein spurt med mange syklistar, om lag som i Tour de France, frå Shellstasjonen til Glashytta, då det er vanskeleg å rykkje frå feltet i ei så kort og lett løype.