Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
|
|
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra OTRA
|
20.08.2010
Storslegen jubileumsbok!
Jubileumsboka er endeleg ferdig! Ho kjem i salg på den store jubileumsfesten, som er i Otrahallen i morgon laurdag 21. august kl. 1800-2300. Boka er på ca. 400 sider, og kostar 400 kr. Med i boka får du då óg ein CD med den nykomponerte jubileumssongen til Otra IL. Det vil vere satt opp betalingsterminal i hallen, slik at du kan få tak i boka sjølv om du er i beit for kontanter.
|
|
Me har vore så heldige å få ta ein kikk i boka dagen før ho kjem i salg. Sjølv om me ikkje kan seiast å vere uhilda, så tør me love alle som kjøper ho ei storarta oppleving. Innhaldet, ført i pennen av ein inspirert forfattar og historikar Olav Arne Kleveland, er rikt og held sjølvsagt høg standard. Dei mange bileta er av overraskande høg kvalitet. Bileta frå eldre tider er ikke alltid av same klasse når det gjeld gjengjevinga, men det framhevar berre det historisk suset som ligg over boka. Anten du er Otra-ven, innbyggjar i bygda, lokalhistorisk interessert eller berre synest det er gøy å lese om eller sjå dine sambygdingar - eller deg sjølv - så er dette boka du berre må ha!
Det er mykje moro i boka, litt alvor og óg nokre - sjølv i dag - litt vemodige historier. Her er eit utsnitt av omtalen av Trygve Lund (s. 41 i boka), ein av veteranane frå dei første leveåra til Otra IL. Trygve døydde uventa hausten 1966. Som du vil skjøne når du les omtalen, har 50-åringen Otra IL ein rik arv som forpliktar når me snart skal ta til på dei neste 50 åra i teneste for bygdelaga våre.
|
|
|
|
|
{hva_skjer_otra_b}
|