J-16 år hadde heimekamp både laurdag og søndag denne helga.
Laurdag møtte me Søgne 2. Sist laga møtte kvarandre, slo Søgne2 oss med 8 mål. Men mykje har skjedd sidan den gong. Jentene har tru på at dei kan nå og det såg me i denne kampen. Her var det både finter, gjennombrot og skot frå distanse. Jentene spelte ein god kamp og vann til slutt 18-13.
Søndag kom Sørfjell1 på besøk. Dei tapte me og for sist og visste at dei hadde gode skyttarar og ein god strek. Dette blei ein knokkelkamp. Kampen var jamn frå start til slutt. Laga veksla på å lede, men etter noen nervepirrande sluttminutt , vann Otrajentene 14-13.Jentene viser at dei har mykje tæl og vilje, sjølv når det buttar imot. Kjempeinnsats!
Me er stolte over «dykke»J
Cindy og Lene