I jubileumsboka fortel Olav Arne Kleveland at Otra IL alt frå fyrste driftsåret (1960-61) fekk eit godt og knirkefritt samarbeid med Hornnes landsgymnas om bruk av gymsalen der. Det var trening i gymsalen kvar tirsdag og torsdag. Det var handball for småjenter og jenter, volleyball for damer, gymnastikk for gutar 7-11 år, fotball og handball for gutar, fotball for vaksne og friidrett for alle aldersklassar.
Ein av instruktørane var - ja akkurat - Trine Uleberg!
Som me då skjøner, har Trine vore instruktør i Otra IL heilt frå starten og fram til i dag. Eit tidsspenn på 50 - femti - år! Me veit ikkje heilt kor mykje ho var med i idrettslaget i tida mellom 1961 og 1985. Me skal nok snart finne det ut, og kome tilbake med ein større presentasjon av henne ved eit seinare høve.
Men uansett har Trine gjort ein eineståande friviljug innsats for Otra IL og bygdefolket i 50 år. I jubileumsboka omtalar Olav Arne henne slik: "Det har vore ei utbreidd meining at helsesportfolka var umåteleg heldige med instruktøren, Trine Uleberg, som har stått på for ei betre helse alle år gruppa har eksistert. Som fysioterapeut hadde ho solid fagleg bakgrunn frå utdanning og praksis til å imøtekome dei ulike behov kvar einskild oppsøkte trimmen med. Ho er også kjend for sin vitalitet og for eit humør som måtte verke smittande og vitaliserande i dei miljø der ho måtte ha instruktøransvar." Og som biletet under syner - Trine er like sprek i dag som då ho starta som ungjente i gymsalen på gymnaset på byrjinga av 60-talet. Me bøyger oss i beundring!