Det var for mange år sidan, medan sønene framleis var unge og lovande fotballspelarar, at Hunshamar (t.v.) bobla over av entusiasme og framtidstru og opparbeidde den flotte balløkka rett sør for setehusa på garden.
Les tidlegare reportasje frå 2008 om balløkka i Varmedokka her
Seinare gjekk det diverre ikkje slik den håpefulle faren ynskja med tanke på å ale fram sønene til profesjonelle idrettsatletar. Sønene fekk andre interesser; Hunshamar har sjølv forklart den traumatiske vendinga i fritidssyslane deira med at "rocken tok dei". Dermed var det ikkje lenger bruk for banen, og den er altså i den seinare tida komen i sterkt forfall.
I 2008 var det slik biletet under syner ein fin innbyttarbenk attmed banen, der Hunshamar mykje brukte å sitte og filosofere over kor godt livet hadde stelt med han samstundes som han stolt observerte den sportslege framgangen til sønene medan dei sparka ballen att og fram ute på løkka. Rundt løkka var det pynta fint opp med steinbed og nydelege, friske blomar.
Saka fortset under biletet
Immanuel Kant stadion i all sin prakt sommaren 2008
I dag er det eit mykje tristare syn som møter ein når ein legg vegen forbi Varmedokka (biletet under). Måla står på "halv-åtte" og vil snart ramle ned om ikkje Hunshamar tek affære. Benken der han brukte så mykje tid på å hobbyfilosofere er borte vekk. Truleg har Hunshamar gjeve opp håpet om at rocken nokon gong vil sleppe det sterke grepet han har på sønene.
Saka fortset under biletet
Innbyttarbenken er borte og måla står på skeive
I dei før så uendeleg vakre blomsterbeda står det no berre nokre tørre og pistrete blomar att. Kjelder i den næraste kretsen rundt familien Hunshamar seier til Otrail.no at familien er på ferie, og ikkje har gjort nokon avtale om vatning av blomane medan dei er bortreiste. Så det er tydeleg at vedlikehaldet av banen og omgjevnadene ikkje er særleg høgt prioritert frå Hunshamar si side. Men me har stor forståing for at det heilt sikkert må vere vanskeleg å motivere seg til å leggje ned alt for mykje tid og krefter i dette arbeidet no, etter det harde slaget det utan tvil må ha vore då rocken tok sønene og dei vendte seg vekk frå fotballen.
Saka fortset under biletet
Blomane på Immanuel Kant stadion ber preg av lite stell i sommar
Til all lukke er det snart serieåpning for fotballen i England. Det er høge forventningar til Arsenal i sesongen som kjem, sjølv om klubben knappast kan seiast å vere ein av vinnarane på orergangsmarknaden i sommar. Me får håpe at gode resultat for favorittklubben i Premier Leauge kan få humøret attende hos Hunshamar, og at rocken sitt faste grep om sønene ikkje vil kjennast like smertefullt i åra som kjem. Tida døyver som kjent alle sår.