Indre Agder 6.30:
EINSAM
RYTTAR MED BÅTIS I BYKLE
Nedturane kom tett denne våren. Fyrst Evjetun-tempoen. Eg
hadde i grunnen gleda meg til den. Eg skulle syne ein storvokst lensmanns-kar
at han burde ha teke imot innbydinga mi om å kome over til eksotiske Cuba og
heller trene under palmene i vinter.
Og så banka han meg
med over eit minutt. Og eg hadde inga god unnskyldning, - det gjekk berre ikkje
fortare.
Fem dagar seinare, fellestur til Vennesla og vidare opp
Iveland. Det gjekk rimeleg greitt til Vennesla. Så starta det som skrotten min
ikkje likar. Det gjekk oppover, og oppover og oppover. ”Hold igjen litt der
framme”, ”Ikkje så fort”, ”Slakk av litt”. Eg visste utmerka godt kven som var
skuld i desse utropa. Det er ei dræden kjensle. Ingen seier noko, men du veit
kva alle tenker.
Men eg hadde stadig
inga god unnskyldning, det gjekk berre ikkje fortare.
Kaptein Rune var som vanleg omsorgsfull og proklamerte at
”alle skal med”. Det var likevel ei lette for alle, då eg kunne ta ein snarvei
over Lauvland, i hop med Steinar T. som høyrtest ut som om han skulle harke opp
heile halsen. (håper det har gitt seg, Steinar!)
For ein som har oppført seg som ein lærar tre månader i
vinter, er det viktig å få seg litt inntekt. Men tirsdag reiv eg meg laus, og
tok ein kveldstur til Byglandsfjord. På vegen møtte eg kjente Otra- syklistar,
og reikna fort ut at dei sykla dobbelt så langt som meg. Ikkje akkurat noko som
ville minke gapet mellom dei og meg.
Yr kunne love flott ver på Langfredag, og eg gjorde meg i
stand til langtur, - utan nokon til å rope ”Hold igjen litt der framme”. Målet
var bensinstasjonen i Bykle.
Eg starta tidleg, og så fort eg snudde nasa opp dalen,
kjente eg motvinden. Eg skjøna raskt at det ville ta tid før eg kunne sjå på
innfyllinga i den nye Sarvsdammen i Bykle sentrum.
Og tid tok det.
Både Gylii og
Grasbrokke gjekk så tåleg, men då eg passerte Bykle Kyrkje, visste eg at her
kjem ingen til å vente på meg 24.mai.
Eg sykla heilt til topps av bakken, bivåna fyllinga av den
fantastiske Sarvsdammen, som Agder Energi skal bruke til å sende meg høge
straumrekningar, før eg svinga inn til dagens høgdepunkt, Cola og båtis på
bensinstasjonen i Bykle.
Båtis, med ein smak
av sommar, og er det noko eg likar, så er det sommar.
Utforbakkar, det er meir mi greie, og det gjekk så det grein
ned igjenom forbi Bykle Kyrkje. Eg sette computaren på null, og sette meg nokre
delmål.
Fyrst, kor langt klarer eg å halde 42km/t i snitt? Eg kom ikkje
til den fyrste tunnelen… Dei som skal halde den farta heile vegen frå Kristiansand til Hovden, er fenomenalt
imponerande! (lukke til, Svein, du er ein av dei få som kan klare det!)
Eg måtte gjeve meg realitetane i vald, - 32km/t.
Eg tykte det gjekk bra.
Valle blei passert med eit snitt på 32,45 km/t, og forbi Statoil på Rysstad 32,15 km/t. Då slutta
flagga på Rysstad å blafre i den retninga eg ynskte, og ute i enden av
Rysstadmo, var eg nede på neste delmål, 31km/t.
Det heldt akkurat til Langeid. Så var det 30 km/t, som heldt til litt
forbi Reiersfossen. Då var drikkeflaska tom, og eg kjende at det var tomt dei
fleste andre plassar også. Så mitt siste delmål på denne langfredagen måtte bli
å kome seg heim til badekaret på rimeleg anstendig vis.
Dit kom eg litt seint på ettermiddagen. Då synte computaren
totalt 182 km,
og eg hadde vore borte frå heimen i 8 1/2 time, om lag 8 av dei på sykkelsetet.
Når ein sit slik aleine på sykkelen og filosoferar time
etter time, ser ein klårt for seg livets harde realitetar. Den harde realiteten
som blei veldig klår for meg i dag, er fylgjande: Det beste du kan gje ein kald
mann på sykkel, er ikkje ei varm kvinne, - det er ein sterk medvind!
Fortsatt God Påske.
Jordalsbø langfredag, etter eit lengre opphald i badekaret,
Jan Olsen.