Me var med då dei to sprekingane tok fatt på turen på Moisundsletta. Løypa dei vil springe går frå Moisund til Kile, over heia til Røyknes, vidare til Øvrebø og over Drivenesheia, og til slutt gjennom Vennesla og langs Sødalsida fram til Kristiansand. Totalt altså ca 60 km.
Friskt mot før starten på Moisundsletta
Det var nok ikkje den lettaste dagen å legge ut på ein slik langtur, med over 25 grader i skyggen og steikande sol. Væsketapet blir enormt. Men dei to karane var med godt mot då dei småjoggande kom seg avgarde rundt kl 1030 i føremiddag. På ryggen hadde dei sekk med innlagt drikkeflaske, og på strategiske stader langs vegen hadde dei på førehand lagt ut matdepot.
Me traff gutane att då dei nærma seg Røyknes (biletet under), etter at dei hadde sprunge 18 kilometer. Yngstemann Thomas var uforskamma sprek, og såg lyst på turen vidare. Han rekna ikkje med monalege problem med kroppen før maratondistansen (42 km) var passert. Eldre og noko tyngre Vegard var nok ikkje fullt så fjong, men synte likevel ingen teikn på å angre på påfunnet.
I skrivande stund er gutane truleg på veg over Drivenesheia. Om me er heldige, håpar me å få tak i eit bilete eller to når dei to sprekingane er i mål på Spicheren på Gimlemoen i Kristiansand.
(Saka fortset under biletet)
Gjennom tunnellane på den gamle jarnbanelina ned mot Røyknes var det få eller ingen teikn på problem. Dette går nok bra!
|
Pappa Helge, far til Thomas, rapporterer på telefonen i kveld at dei to gutane no er komen fram til Spicheren i Kristiansand. Som biletet viser var det to sveitte, men overraskande oppegåande løparar som kom til byen. Oppmålt distanse blei 60 km. Tida blei 7 timar. Maratondistansen, 42 km, passerte Thomas og Vegard på 4 timar og 20 minutt.
Me kjenner ikkje til om nokre Otra-løparar har sprunge ein lengre samanhangande springetur nokon gong. Om så er tilfelle, tek me gjerne imot tips. Det er uansett ein framifrå fysisk og mental prestasjon dei to gutane har gjennomført denne skikkeleg heite sommardagen. Gratulerer!
|