Kostbare feilinvesteringar!
Manager på veteranlaget, Tore Tveit, har vore i London for å leite fram forsterkningar i stallen til 2017-sesongen. Mellom anna har han besøkt Tottenham Hotspur med tanke på å leige ein eller to up-and-coming stjerner derfrå i ein sesong eller to.
Men London er ein verdsby, full av paparazziar som er ute etter ei lettjent krone eller to. Me har fått inn ei mengd bilete, tatt i all løyndom, frå Tore sin speidartur etter nye stjerner. Når me se på kva slags spelarar han tykkjest å ha i kikkerten, er det mest katastrofe. Når me i tillegg veit kva slags summar han har for vane å love nye spelarar i klubben, er heile innjøpsprosjektet hans mest skandaløst.
Me får bare vone at kontraksforhandlingane ikkje blir fullførte, eller at dei påtenkte nye spelarane ikkje består legesjekken. Nei, når ein ser kva som er på gang her, vil sjølv ein formsvak Jan-Sverre Jensen vere eit tryggare val.