Det var altså tidlegare i sommar at Tveit lot kompisar vere kompisar, og stakk avgarde til utlandet med pengane som rullatorvenene hans så møysommelig hadde samla saman gjennom fleire år. Du kan lese meir om luksusturen her.
Etter heimkomsten må Tveit i sjølverkjenningas nådelause ljos ha skjønt at slik kunne ein ikkje gjere mot sine eigne. Ikkje ein gong om ein er manager med vide fullmakter. Ein stad går grensa. Han har difor sett seg føre å bruke resten av ferien til å jobba inn att pengane han så skamlaust drog avgarde med.
(saka fortset under biletet)
Tore Tveit på målarjobb i Hornnesvegen tidlegare i veka.
Torsdag traff me Tveit på Hornnes, der han hadde teke på seg ein omfattande målarjobb for å kome igang med tilbakebetalinga. Han var med godt mot, og trudde han skulle klare å få dekka inn heile "underslaget" i løpet av eit par vekers tid.
Sjølv om det var eit stygt peik mot kameratskapet og samhaldet i den sammensveisa rullatorgjengen å stikke avgarde med lagskassa - særleg mot Smeland som måtte kansellera sin eigen ferie - må me seie at Tveits oppofrande innsats no i ettertid for å bøte på skaden er fortenestefull. Me kan alle gjere feil og ta gale valg i livet. Kjelder i veteranmiljøet ser difor, etter det otrail.no får opplyst, ikkje bort frå at det kan vere tilgjeving å få for Tveit når han møter på treninga sundag kveld.
Det blir nok i alle høve eit kjenslelada augneblink for alle partar