Arnstein
- av Geir Daasvatn -
Evje og Hornnes sogelag gjev kvart år ut årsskriftet "Arnstein". Heftet er oppkalla etter den første mannen i bygda me kjenner namnet til. Arnstein reiste ein bauta til minne om son sin, Bjor, som fall i Knut den Mektige sin hær i England då han la landet under seg. Bautaen var den kjende Galtelandssteinen, som det i dag står ein kopi av på Verksmoen.
I årets utgave av Arnstein er det mange flotte stykke om lokal historie. For mange i idrettslaget vil nok Anfinn Lislevand sitt stykke "Evje kommunale idrettsplass" vere av stor interesse å lese. Idrettsplassen vart bygd rett før 2. verdskrigen. Området der banen vart bygd er det som i dag er grusbanen på Evje. Det er ein verkeleg fin historie, som óg fortel litt om korleis idrettsrøyrsla i Evje var organisert på denne tida. Spennande lesing!
Her er eit bilete av dei ungdomane som bygde den nye idrettsplassen. Det er lånt frå årets utgave av Arnstein.
Ei anna historie som er vel verdt å lese handlar om korleis idrettsungdomen i bygda reiste minnesmerke over dei falne etter 2. verdskrigen. Det er historikar Olav Arne Kleveland som har skrive stykket. Minnesmerket er den minnesteinen som står oppe ved Evje kyrkje. Etter avdukinga i 1946 overleverte idrettsungdomen minnesmerket til Evje kommune, med oppmoding om at steinen og området rundt blei teke vare på på ein verdig måte.
Bladet inneheld elles eit mangfald av gode og artige historiar frå bygdemiljøet i tidlegare tider. Det held ein høg kvalitet, og har mange fine bilete.
Arnstein er å få kjøpt i bokhandelen på Evje og Joker-butikken i Dåsnes.