Jensen var stadig på etterskot i forsvarsarbeidet, og leid den store audmjukinga å sleppe inn to mål i løpet av berre nokre få minutt. Men han var ikkje aleine. Over heile lina var det tydeleg for kultursjefen at det gjekk på stumpane for spelarane, både med omsyn til kondisjon og ikkje minst snøggleik.
Saka fortset under biletet
Jensen er på etterskot nok ein gong, og forsmedeleg nok får kona med seg kvar detalj i fadesen. Foto: Privat (paparazzi)
I kraft av det utvida kulturomgrepet, der fotball heilt klart høyrer heime, vil Falck Jensen difor - som øverste sjef for kultur og idrett i kommunen - iverksette fleire strakstiltak for å prøve å avhjelpe dei verste fysiske skavankane hos rullatorspelarane.
Men - som ho seier til Otrail.no:
- Om eg skal få nokon respons på treningskrava mine, må er sjølvsagt først feie for eiga dør. Altså må eg starte jobben med å rekonstruere fysikken til gutane med den verste av dei alle, min eigen mann, Jan Sverre. Eg vil ikkje oppnå noko truverde om eg stiller strenge krav til dei andre, men ikkje til ektemaken.
Saka fortset under biletet
Kultursjef Falck Jensen har testa ut ein spesialmikrofon, berekna på tunghøyrde mannfolk, som ho venteleg vil bruke for å nå fram til ektemaken gjennom sumaren. Eit komplett sett, inkluderts forsterkar og to høgtalarar, er alt tinga hjå Oddbjørn Møllen.
Slik me tolkar Falck Jensen, vil det såleis bli hardtrening for skuleinspektøren frametter sumaren. Grilling og Mack-øl, som han har drøymd om heile våren, vert det ikvartfall ikkje noko meir tale om. Mykje av juli månad vil såleis bli brukt til spenst- og snøggleikstrening. Falck Jensen har alt gjeve seg til å studere fotballbibelen "Målmannen" av den tidlegare skuddstoggaren på landslagslaget, Ola By Rise. Ho vil vere så godt budd som mogeleg, og vil gjerne finne dei aller beste spenstøvelsane til den noko forfalne kroppen til ektemaken.
Men skuleinspektør Jensen fryktar ikkje den harde treningssumaren. I ein knapp kommentar til Otrail.no understrekar han at han har vore med i rullatorgjengen i meir enn 20 år.
- Eg har full kontroll! Dette såkalla hardkjøret som kona mi legg opp til kan uansett ikkje vere verre enn kondisjonstreningane til manageren min på rullatorlaget, Tore Tveit.
Det blir spanande å fylgje treningsregimèt til kultursjef Jensen heime i Dåsnesmoen i sumar. Me trur ektemaken hennar, Jan-Sverre, overvurderer sine eigne krefter, og at han vil slite fælt når kona set inn det verste hardkøyret.
Me vil fylgje dramaet i Dåsnes nøye gjennom sumaren, og kome med jamne oppdateringar på den fysiske stoda til skuleinspektøren.