Til tross for mykje medkjensle og oppmuntring fra mange hald i fotballmiljøet, klarer ikke Joachim Moseid å finne att den gode formen frå våren og sommaren 2014. Mange tenkte at det ville bli ein opptur for Moseid å kome inn i den varme og gode Otrahallen, i staden for å vere ute i den kalde blåsten på EHbanen. Det er jo ein heller skrinn kropp han har, og kald vind kan fort gå både gjennom marg og bein på ein slik skapning.
Men slik vart det diverre ikkje. Då rullatorgjengen søndag kveld trente innomhus for første gang i år, viste Moseid endå svakare form enn før. Han klarte mest ikkje å få stokka beina skikkeleg i løpet av heile treninga. Det gjekk så langt at fleire lurte på om det kunne vere dårleg skotøy som fekk han ut av balanse heile tida. Men etter nærare sjekk tyktes det ikkje å vere der problema sat.
Mentor Jan-Sverre Jensen freista å gje Moseid ein del gode råd under treninga søndag, men dei prella av som vatn på gåsa.
Nå vonar me at Moseid ikkje gir opp i denne motbakken, men jobbar iherdig vidare for å finne tilbake til sitt gamle gode sportslige nivå. Mange store idrettsutøvarar før han har óg hatt tunge downperiodar for så å kome endå sterkare tilbake. Me er visse på at alle i rullatorgjengen vil stille opp for Joachim, og kanskje sende endå fleire ferdigskora pasningar til han for å få opp sjølvtilliten hans. Ein gong vil nok ballen gå i mål igjen. Då ser me for oss at den berømte ketchup-effekten slår til for fulllt, og får Joachim tilbake til den toppspelaren han vitterleg er på dette nivået.
Alle unner Moseid å kome tilbake på topp i 2015!