Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
|
|
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra OTRA
|
13.08.2015
Arendalsveka
Setesdal Regionråd inviterer til ope arrangement i samband med Arendalsveka 15. august på Thon hotell i Arendal
Setesdal åhoi! Kva for idear og løysingar ser unge for eit attraktivt landliv?
|
|
Vi inviterer til møte mellom morgondagens innbyggjarar og eit knippe sentrale ungdomspolitikarar - regionalt og nasjonalt. Vi kjem med eit busslast med lokale engasjerte unge som kan vere dei eldsjelene som skal til for å vere med å forme og iverksette morgondagens regionalpolitikk og sikre levande bygder framover.
- Og vi tillèt oss utfordre desse med å reise dei store spørsmåla i tru på at unge ser nye løysingar og moglegheiter og ber dei starte på svar og meiningsutvekslinga om:
Kva skal til for å få fleire folk til å veille bu, skape arbeidsplasssar og skale seg gode landliv - hjå oss?
Kva skal vere framtidige satsingsområde og korleis skal ein få fram eldsjelar og drivarar?
Korleis vitalisere by-land dynamikken neste tiår?
Kva skal til for å skape gode lokalsamfunn framover?
Dei etablerte med makta blir inviterte til å vere med "ringside" i ungdomsdebatten og til oppsummerande ordskiffte om kva dei kan ta vidare på kort sikt.
PROGRAM:
Kl. 12:00 "Setesdalsbussen" kjem til Arendal med eit lass unge meiningsberarar
Kl. 13:00 "Rundbords-møte" / paneldebatt - Thon hotell - ope hus
Kl. 14:15 Mingling/ "vorspiel" - Smaken av Setesdal-tapas
Kl. 15:00 Oppsummerande ordskfte mellom dei etablerte - politiske servitørane
Kl. 15:30 Avslutning
Regionrådet set opp buss frå Hovden laurdag kl 08:30 og retur etterpå. Det er fri-billett for alle som vil vere med på Setesdalsmøtet.
Påmelding til: post@setesdal.no innan torsdag 13.8.
|
|
|
|
|
{hva_skjer_otra_b}
|