Det er i eit større intervju i Kristeleg Folkeparti sitt medlemsmagasin "IDE" nr. 3/2011 at ordføraren i Evje og Hornnes kommune tek bladet frå munnen. Han seier til partimagasinet at han, etter å ha opna den nye kunstgrasbanen på Evje, er optimistisk på vegne av Otra sitt A-lag i fotball.
- Det er 1250 medlemer i idrettslaget, og folk er glade i klubben sin. Fotballaget blir betre og betre, og eg har tru på at me snart vil ha eit tredjedivisjonslag. Neste år rykkar me opp i 5. divisjon, er Ropstad sin klokkeklare spådom.
Det tek tid å byggje opp eit godt fotballmiljø og eit godt fotballag. For å få Otra opp i tredje divisjon må heile fotballgruppa truleg jobbe målretta og hardt over ei lang årrekkje. Men vi er sjølvsagt utruleg glade for at ordføraren i bygda, som sjølv har ei lang og ærerik fotballkarriere bak seg i bedriftsfotballen, er optimistisk og har tru på det vi steller med.
Tru kan flytte fjell!
Ordførar Bjørn Alfred Ropstad forlet kunsgrasbanen etter opningskampen 29. oktober 2011. På veg ut helsar han på dagleg leiar i Agder Fotballkrets, Kjell Johnsen, og lovar at Setesdalen ikkje lenger skal vere fotballens mørke fastland!