Kalenderen «Evje og Hornnes 2011 – folk og stader før og nå» er utgjeven av journalist og fotograf Ole Aa. Brattfjord. Dette er den tredje lokale kalenderen han står bak. Kalenderen er trykt i eit opplag på 500 eks. Kalenderen inneheld eit rikt utval bilete av stader og personar frå Evje og Hornnes kommune, og er også illustrert med gamle postkortmotiv. På kvart kalenderblad er det utfyllande tekster til alle bileta, med mykje lokalhistorie. Kalenderen er nærast som eit lokalahistorisk hefte å reikne. Brattfjord presenterer i kalenderen eigne bilete tekne i perioden 1978 til 2010. Det er tre bilete på kvart kalenderblad. Altså til saman heile 36 bilete av lokale folk og stader! Det samla persongalleriet i kalenderen utgjer endå ein god del fleire, sidan det på mange av bileta er fleire personer. Her er det mange som vil kjenne att både seg sjølve og andre, og mange kjende stader, frå sør til Nord i Evje og Hornnes kommune. Det startar alt på framsidebiletet, der Brattfjord – med den kjende fjelltoppen Himmelsyna som bakgrunn – har lagt ei stripe med bilete som gjev ein smakebit av kva kalenderen hans inneheld. Her ser ein mellom anna sogeskrivar Olav Arne Kleveland med Otra-boka, sagbrukseigar Dagfinn Madsen i 17. mai-tog, varaordførar Nils G. Østerhus på representasjonsoppdrag og John Vikstøl Gautestad som «torghandlar». I kalenderen kan ein også sjå bilete av og lese om dei legendariske jordbærkongane Arnar og Sigbjørn, om «fuglekongane» frå Kjetså, Lars og Osmund Breistøl, her er bilete frå gravølet til Evje kino, frå kulturminnedag på Flåt, frå jolegateopning i Evje sentrum og sommarglimt frå Hornnestangen – for å nemne noko. I tillegg til personane og stadene på bileta, er endå nokre fleire omtala i tekstene.
Brattfjord har også gjeve ut kalender for 2007 i samarbeid med mållaget, og på eige hand gjeve ut kalenderen «Evjefolk 2008». Den vart raskt utseld, og er alt blitt eit lokalt samlarobjekt.
|