For eit års tid sidan vart det på styremøte vedteke ny instruks for foreldrekontaktane i fotballgruppa. Det var Daasvatn, som au er styreleiar i fotballgruppa, som forfatta instruksen. Eitt av dei viktigaste punkta lyder slik: "FK skal samle inn draktsettet etter sesongen. Levere draktene til materialforvalter. For tiden Joachim Moseid..."
Daasvatn er fungerande foreldrekontakt på to lag: Jenter-16 og Gutar-12. Diverre gjekk plikta til å samle inn alle draktene etter sesongslutt 2012 heilt i gløymeboka for den noko omtumla honndølen. Han vart difor heilt paff og svar skuldig då materialforvaltar Moseid passa han opp og konfronterte han med forsøminga (biletet) for eit par dagar sidan. Og Moseid er knallhard - når draktene ikkje kjem inn må den ansvarlege erstatta det tapte utstyret. Materialforvaltaren sender difor i desse dagar rekning til Daasvatn på to draktsett. Kostnaden ligg rundt 7.000 kroner. Og her syner Moseid ingen nåde - "reglane må gjelde like mykje for Loke som for Tor!".
Den slukøra Daasvatn klamrar seg til halmstrået at gutane og jentene ikkje har tusta vekk draktene i løpet av vinteren, og at det framleis skal vere mogeleg å få tak i dei fleste. Men at han her har forsømt seg på det grovaste, ja det har Moseid naturlegvis heilt rett i. Forsøminga vert ekstra pikant då det altså er Daasvatn sjølv som har laga reglane.
No blir det spanande å sjå om Daasvatn etter denne audmjukinga vert noko mildare i skrivemåten når han i framtida omtaler materialforvaltar Moseid, og då særleg sjansane hans i den mykje omtalte O2-duellen med Wassengen.