Fyrst vart O-trim 2013 premiert. Sidan snøen låg spesielt lenge i vår kom ein noko seint ut med postene for o-trim, men ein god gjeng på fjorten personer har likevel klart å finne fram til samtlige femti utlagte poster. Av "runde" merker kan iår spesielt merkes at Sigurd mottok plakett for 35-år med gjennomført og Ove plakett for 10-år.
For sesongen 2014 vil ein forsøke med tidligare start og nokre endringar av O-trim. Fyrst og fremst vil ein tilretteleggje for at den enkelte kan ta nokre få trimposter om gonga, og leggje dei noe nærmare sentrum og andre etablerte turar.
Deretter fylgde ein på med premiering av klubbmeisterskapet som vart arrangert 14.06.13 på Høgås. Her var ein av klassevinnarane Heidi.
Dei komplette resultatane er å finne på venstremenyen - 'Resultater'.
Fredagsløpet med premiar til alle born med fem eller fleire løp og vaksne med ti eller fleire løp gjer det tydelig at aktiviteten gjennom sesongen har vore enorm.
Heilt på toppen med tjue gjennomførte løp finn me Freddi. Dette er utrulig bra!