Steinar Holte trekk seg no ut av rolla som foreldrekontakt for 98-generasjonen. Det har me skrive mykje om på heimesida tidlegare. Kort oppsummert kan me seie at evnene hans til å organisere og administrere alle dei små og store oppgåvene rundt eit fotballag har blitt legendariske. Kvart einaste lille - eller svære - prosjekt har vore nøye gjennomtenkt og planlagt ned til minste detalj i Exel rekneark. Anten det var tale om sal av mange tusen dorullar eller eit foreldremøte på Idrettshuset. Alle skriv og meldingar til spelarane og foreldra var nøye utforma i Word eller andre avanserte dataprogram. Alt er opp gjennom åra nøye lagra i ei lang rad med ringpermar. Steinar har blitt noko så sjeldan som ei foreldrekontaktlegende i si eiga tid.
(stykket fortset under biletet)
Dag Odde likar ikkje så godt lange skriftlege utgreiingar, men har eit godt hovud og god muntleg framstillingsevne.
Dag Odde er ein noko annan type personlegdom. Me må kunne seie - med stor vyrdnad for Dag sin store dugnadsinnsats og utan at han skal ta det fornærmeleg opp - at han tek ting noko meir på sparket enn det organisatoriske geniet Steinar.
På biletet under ser me Steinar til høgre med den sirleg oppteikna planen for avslutningsturen til G-14 søndag 2. desember. Me telte ikkje etter. Men planen for bussturen til Kristiansand, curling i Idda Arena og kinotur på Fønix såg ut til å vere på omlag 3-4 tettskrivne A-4 sider. Då kan lesaren bare ane seg til kva for eit omfattande styringsdokument det var som låg til grunn for Norway Cup-turen i sommar der Steinar var reiseleiar.
Som den rake motsetjinga syner Dag til venstre fram sitt eine A4-ark, med alle notata for HEILE fotballsesongen til Gutar-16 i 2012 samla på ei einaste side! Og nokon ringperm med skriv heim til foreldra og spelarane på dette laget finst ikkje. Dag kan nok seiast å ha ein slags allergi mot å sette ting ned på papiret
og har vel knappast sendt avgarde eit einaste skriv i dei seks åra han har administrert gutane.
I staden svergar han til telefonen - og i dei seinare åra mobilen - som den heilt sentrale arbeidsreiskapen.
Me er mykje stolte over mangfaldet i fotballgruppa, og at det er plass til alle her. Det gjeld både personar med unikt organisasjonstalent og meir flegmatiske personlegdomar. Integreringa fungerer! Og det fine er, at dei svært ulike organisasjonsmetodane og styringsprinsippa til dei to særmerkte foreldrekontaktane har fungert omtrent like godt!! Både 98-årgangen til Steinar og 97-årgangen til Dag har hatt fantastisk oppfølging i dei seks åra dei to karane har hatt ansvaret for å administrere laga.
Vinden og bølgjene er alltid på den dyktige sjømannen si side!
ut
-