Rullatormann i kommunestyret!
Tigest Woldu (Ap) må pga. studier søke seg friteken frå vervet som kommunestyremedlem i Evje og Hornnes. Om søknaden vert imøtekomen på møtet i kommunestyret torsdag 15. februar, vil 1. varamann Jan-Sverre Jensen (biletet) rykke opp til fast plass i kommunestyret.
Jensen vil ikkje seie så mykje til pressa før saka er endeleg avgjort. Men han understrekar overfor Otrail.no at han politisk sjølvsagt alltid - uansett - vil kjempe for at rullatorvenene hans i fotballen skal ha best mogeleg kår for å utøve hobbyen sin også i framtida. Mellom dei første sakene han vil ta opp, er å få bytta ut kunstgraset på EHbanen snarast mogeleg. Det er blitt noko slitent i løpet av dei seks åra det har vore i bruk, og bildekkgummien har pakka seg saman, slik at støytdempinga ikkje er heilt optimal lenger. Den litt for harde banen slit derfor for mykje på knea og ryggen til dei ivrigaste rullatorane.
- Slik kan me ikkje ha det! forsikrar Jensen. Han er meir enn viljug til å bruke dei tre millionane ei slik oppgradering av banen vil koste for kommunen. - Om bare ein av rullatorane forlengar fotballkarriera med fem eller ti år som følge av betre bane, blir dei tre millionane som lommerusk å rekne. Tenk bare kva det vil koste det offentlege om desse gutane i staden må operere inn kneprotesar! avsluttar han.
Fotballgruppa i Otra IL vil ønske Jensen lukke til i det alvorssame vervet. Me føler oss beint fram trygge på at den samvitsfulle og samfunnsengasjerte skuleinspektøren ved Evje barneskule no kjem på rett hylle i livet.