Stykket var kopiert frå jubileumsboka til Otra IL, som no endeleg er gått i trykken. Det let seg difor ikkje lenger gjere å rette feilen i boka.
Men i den digitale verda er alt så mykje lettare! Me vil difor sette eit lite plaster på såret med å vise Klemmet sitt stilreine hopp i konfirmasjonsdressen (!) under NM for 15-åringar på Hamar i 1965. Samstundes seier me oss leie for feilen også her på otrail.no. Klemmet er ein av dei største idrettsutøvarane i Otra si historie, med deltaking mellom anna i Holmenkollen i 1967, og skal sjølvsagt med!
Sett bort frå denne leie feilen i oversynet over prisvinnarar i jubileumsboka, er den ganske korte, men likevel flotte hoppkarriera til Klemmet grundig dokumentert andre stader i boka. Både Klemmet og alle andre kan bare glede seg til boka kjem i salg til jubileumsfesten 21. august.