Hægebostad - Otra 3 -11 (1-3)
16. mai var det duket for bortekamp mot Hægebostad for Gutter-14. Kampen var flyttet frå Kollemo stadion til den nye kunstgressbanen (7-er bane) ved Eiken skole, ein flott bane. I Eiken blei me møtt av fint vårsol, noko som har vore heller sjeldan dei siste dagane...
Gutter-14 starta som kjent sesongen med brakseier over Fjotland 20-4. Hægebostad for sin del hadde banket Lyngdal hele 10-2. Så det var klart for eit toppoppgjør i serien - ein skikkelig 16. mai kamp!
Kampen starta litt svakt og forsiktig for Otra, og det gjekk ikkje så veldig lang tid før det stod 1-0 til hjemmelaget. Ola hjelpemann (Per Fredheim, bildet) var fortvila og forlangte raskt at treneren måtte gjøre nokre grep med laget. Etter 10 min satte me inn «engelske» Tor Davis i forsvaret og Marit Kjetså på kanten, flytta litt rundt på eit par andre spillere ( Bu Reh og Kristina) og Otra fekk tak i kampen. Otra hadde nå ballen mykje av tida, men Hægebostad hadde mange farlige kontringer. Bakerst stod Tomas, som tok det som måtte komme med veldig god hjelp av stengene til tider, samt eit hardtkjempende Otra-lag.
Guttene (ja inkl. Kristina og Marit) hadde nå virkelig forstått at det måtte jobbes, spillet begynte og bli bra, ballen fekk gå langs bakken og Hægebostad kan takke sin keeper for at det ikkje blei meir enn tre mål i førsteomgang (men då var Hægebostad sin keeper også bombardert over det meste av kroppen - Kristina satte krona på verket med ein innertier på keeper...). Det var allikevel rettferdig at stillinga var 3-1 til Otra ved pause.
Hægebostad var eit meget sterkt lag både fysisk og teknisk med ballen. Dei gav oss verkeleg match. I pausen fekk spillerne ros for god innsats og klar beskjed om at her var det viljen til å ville jobbe/ kjempe som måtte til i 2. omgang om vi skulle vinne kampen.
På ny ble starten av 2. omgang dårlig... Hægebostad presset hardt og det smalt på ny i treverket fleire gonger - mål blei det ikkje. Etter kvart så tok guttane tak i kampen og fekk verkeleg til spel av ypparste klasse - måla rann inn...
Kombinasjonar av småspel mellom Kristina, Marit (bildet) og Åsmund gav flotte mål, likedan når Bu Reh, Kristina og Åsmund hadde trekantspel som gav uttelling med scoring. I forsvaret jobba Tor og Tha Kla Moo som helter, dei fekk også god hjelp av midtbanen til å stoppe Hægebostad sine gode fotballspillere (som er frå Hægebostad, Eiken og Åseral).
I siste del av kampen var det godt og ha friske bein å sette inn, både Daniel, Kristian og Magnus sprang, jobba som helter når det var på banen - ein ekte LAGSEIER må det kunne seies med store bokstaver!!
Måla blei scora av: Åsmund 4, Kristina 4, Bu Reh 2 og Tor 1. Otra reiste frå Hægebostad med flagget til topps, klar for 17. mai feiering!!!
Laget var: Tomas M Fredheim, Daniel Moseid, Magnus Simonsen, Kristina Rosten, Åsmund Wiberg, Kristian Dåsvand, Tor F. Davis, Marit Kjetså, Bu Reh og Tha Kla Moo.
Med helsing Sigurd (trener) og Ola hjelpesmann!!!