Det har skjedd enorme endringar i området rundt Trollbakken dei siste åra. Bileta under er frå hausten 2009 og no i august 2014.
Dei neste stega i utbygginga er å legge plastbelegg i unnarennet i K-17,5 bakken. Etter planen vil det kunne skje våren 2015. Neste byggjetrinn er å få reist stillaset i den store K-45 bakken. Vonaleg vil det arbeidet kunne utførast i 2015 eller 2016. Heilt til slutt skal dei to største bakkane - K-30 og K-45 - få plastbelegg i unnarenna. Når det kan skje er noko usikkert, men kanskje i 2016-2017.
Utbygginga av det nye hoppanlegget i Trollbakken held altså fram med full styrke. Det kan ta noko tid å få finansiert dei utbyggingane som står att. Men dette arbeider prosjektgruppa for Trollbakken med for fullt, og pengane kjem på plass etter kvart. Alt no ser me tydeleg konturane av eit pent og funksjonelt hoppanlegg som vil bli til glede for mange i årtidene framover.
Trollbakken i oktober 2009. Foto: Geir Daasvatn
Trollbakken i august 2014. Foto: Geir Daasvatn