Det har kome Per Eivind for øyret at Torunn Bjoraa har gått MASI-løypa 12 gonger i løpet av ein dag, og at May Klungeland er tett etter med 11 turar. Det er desse to Hornnes-jentene han har sett seg føre å slå ned i skoa ein gong for alle.
Me trefte Per Eivind på MASI rundt middagstider (biletet). Då hadde han fullført sju turar. Han var ved godt mot, og såg fram til ein betre middag hos sjefen sin Erlend Hunshamar i Varmedokka i 5-tida. Etter det ville han gå vidare til omlag kl. 2300 om beina ville vere med så lenge.
Det er eit djervt prosjekt og ei stor utfordring Per Eivind har gitt seg ut på her. Me ynskjer lukke til vidare utover kvelden, og håpar å kome attende med det endelege resultatet fredag morgon.