Sveinung kom med på gutelaget til Otra i 1976. Då var han 15 år gamal. Han var ein "uortodoks" angrepsspelar som ikkje så reint sjeldan "pirka" måla inn med tåa. Han var på rett stad - til rett tid. I 1977, på gutelaget som kanskje er det beste laget i Otra nokon gong, skora han heile 18 mål og bidrog sterkt til at Otra det året hadde eit av Sørlandets beste gutelag. Men det mange av oss kanskje hugsar aller best, er Sveinung si utrulege stupheading og skoring mot Ålgård i 2. runde i junior-NM hausten 1979.
(les vidare under biletet)
Gutelaget i 1976. Sveinung står bakerst til venstre. Foto: Setesdølen
Sveinung flytta frå Byglandsfjord sist på 1970-talet for å utdanne seg. Han arbeidde nokre år i Arendal, og etter det igjen i Bodø der han slo seg til med kone og born. Arbeidsstaden var Fakultet for samfunnsvitskap på Universitetet i Nordland, der han var førsteamanuensis. Fagfeltet var sosialt arbeid og barnevern. Det var i Bodø Sveinung no sovna stille inn etter ei tid med sjukdom.
Han blei berre nær 51 år gamal.
Mange av oss har ikkje hatt så mykje kontakt med Sveinung etter den gode ungdomstida på Evje og i Otra sist på 1970-talet. Dette er over 30 år sidan no. Slik er livet. Vegar skillast og me går vidare på kvar vår sti. Men enno hugsar me så klårt Sveinungs skjeive smil og utruleg gode humør.
Me vil takke Sveinung for dei fine ungdomsåra me fekk være vener, og lyser fred over minnet hans.
På vegne av mange
Geir Daasvatn
På biletet under er Sveinung ein glad tilskodar til at Øyvind Dåsvatn (liggande) skorar mål mot Vigør i junior-NM på Hornnes-banen hausten 1979.