Ein svært indignert Ricky Smeland har vore på telefonen til redaksjonen i Otrail.no heile fem gonger, sidan det famøse oppslaget om Knut Birkeland sitt come-back i førre veka. Smeland er djup og inderleg skaka over utsegnene til manager Tore Tveit om at han er blitt gamal og treig. Smeland seier til Otrail.no at han godt kan tåle fem år med manglande utbetaling av feriepengane han har til gode. Men at han skal vere treig vil han ha seg fråbedt. Han som utan problem spring opp ungkalven Vidar Reigstad, løper forbi A-lagsveteranen Joachim Moseid og endåtil held følge med tanksenteren Andreas Karlsen. NEI, dette vil han ikkje ha på seg!
- Er dette takka for å ha bygd opp manageren med fine pasningar, varsemd i alle duellane mot han samt å ha latt han vinne ein løpsduell ein gong i ny og ned?? seier ein såra Smeland.
- Ja, eg har til og med "gått på ei finte" ei sjeldan gong, berre for å gje Tveit noko meir sjølvtillit. Nei, dette skal Tore få bite i seg, seier Ricky frustrert og vonbroten på mobilen frå trimtur ute i ljosløypa.
Saka fortset under biletet
Fotballformann Geir blei kommandert til å vaske vestane til rullatorgjengen, noko han likte dårleg. - Dette gir auka utgifter for ein pressa økonomi. Då får me kutte ut avslutningsfesten til hausen, var hans knallharde motkrav.
Ricky har sendt oss bilete som syner korleis han no vil ta i bruk uortodokse midler for å stogge manageren. Nyvaska treningsvester er ikkje for sarte sjelar. Nå skal Tore få oppleve å bli rundspelt i parfymerte omgivelsar.
Otrail.no har blitt invitert til søndagens rullatortrening for å dokumentere. Smeland er så oppgira no, at mange av uttalelsane hans ikkje kan gjevast att på nett. Vi snappa likevel opp nokre utydelege ord om at manageren burde stå i mål. Dette har vi ikkje fått bekrefta, så truleg er det feil. Men treninga komande søndag blir uansett tøff for den noko skadeplaga manageren (t.h.).