|



Postadresse:
OTRA IL
Postboks 108
4733 Evje
Besøksadresse:
OTRAHALLEN
4737 Hornnes
Telefon kontor:
379 30 506
E-post:
post@otrail.no
|
 |

| |
Arkiv:
År:
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
Måned:
01
02
03
04
05
06
07
08
09
10
11
Siste 10 fra FOTBALL
|
14.05.2013
Eit under innan idrottsmedisinen!
Odd Helge Liestøl (51) var ein framifrå slitar på gute-, junior- og A-laget til Otra på slutten av 1970-talet og i byrjinga av åttiåra. Men med sin pågåande - ja beint fram einskilde gonger hasardiøse spelestil - blei det mange harde smellar mot kroppen og mykje skader på lekamen. Odd Helge har difor spelt heller lite fotball i godt vaksen alder. Men sundag 12. mai imponerte han stort, då han var på ei sjeldan vitjing på treninga til rullatorgjengen på EHbanen.
|
|
|
[14.05.2013] Odd Helge har ein rygg som har trøbla fælt på livsvegen, hofter som visstnok snart må skiftast ut og totalt utslitne kneledd. Kondisjonen og vekta er vel heller ikkje heilt som i stordomstida. Han fullførte likevel treninga med 40 minuttars spel ute på banen og 50 minuttar som målmann. Medan ein framifrå idrottsmann som Ricky Smeland (51), som framleis likar å syne fram den sterke fysikken og kondisjonen sin på A-lagstreningane, måtte luske slukøra heim etter mindre enn ein time på banen.
Det var ein maktdemonstrasjon av viljestyrke og mot - ja beint fram eit idrottsmedisisk under - den godaste Liestøl synte oss denne kalde sundagskvelden. Me lyt bare bøyge oss i støvet i respekt for prestasjonen, og ynskje Odd Helge velkomen attende på trening når kroppen har heila seg ein gong ut på hausten.
|
|
|
|
 |
{hva_skjer_otra_b}



|