Evje og Hornnes kommune skal etter vedtaket i kommunestyret sjølv ha ansvar for at banen vert bygd. Banen er kostnadsrekna til noko over 6 mill kroner. Spelemidlane er rekna til om lag 2,1 mill, og er såleis ein heilt avgjerande del av finansieringa. Refusjon av momsutgiftene utgjer ca. 1,1 mill. Otra sitt direkte økonomiske bidrag er tenkt å vere 0,5 mill. Resten er meint å dekkast inn gjennom ein stor dugnadsinnsats og kommunalt tilskot.
Steinar Holte har laga denne fotomontasjen, som syner korleis banen kan bli sjåande ut
Nemde Irene på kultur og sjefen på teknisk eining i kommunen Torgeir Hodne, var i strålande humør då dei møtte fotballgruppa sin leiar Geir Daasvatn på kommunehuset fredag. Med seg hadde Geir gåvebrevet på 500.000 kroner, som altså er idrettslaget sitt planlagde kontantinnskot i prosjektet. Torgeir tok imot på vegne av kommunen (biletet under), og såg fram til å fylgje prosjektet tett framover vinteren og våren.
Planlagt byggjestart er våren 2011. Det er god von om at banen kan stå ferdig til bruk sommaren 2011.
Kunstgrasbanen er eit utprega samarbeidsprosjekt der me bidreg etter evne: Otra IL stiller med eit kontanttilskot på kr. 500.000,- og skal au gjere ein stor dugnadsinnsats når tida kjem. Kommunen administrerer utbyggjinga, sørger for at banen vert bygd og stiller óg med eit solid tilskot av pengar. Me er på same lag!
Etter kvart håpar me å få med fleire på dette laget, som meir og meir liknar på eit vinnarlag, både lokale verksemder og privatpersonar som ser verdien av å ha eit slikt anlegg i bygda vår.
Foto: Irene Falck Jensen