Årsskriftet til sogelaget, som kom ut første gongen i 1994, er kjend som eit blad med spanande innhald av høg kvalitet. Det gjeld òg 2012-utgåva. Det er gode historiar frå lokalmiljøet eller om personar med band til Evje og Hornnes som har utmerka seg på den eine eller andre måten.
Kven veit til dømes at det var ein evdøl som torpederte slagskipet Blücher, tidleg på morgonen 9. april 1940? Hendingane på Oscarsborg festning utanfor Drøbak i Oslofjorden høyrer til dei mest dramatiske i historia vår. Hovudaktørane på festninga denne lagnadstunge aprilnatta var ein væreigarson frå Lofoten, kommandant Birger Eriksen, og ein presteson frå Evje, nestkommanderande Andreas Anderssen. Dei to offiserane nølte ikkje då framtida til nasjonen stod på spel. "Skal der skytes med skarpt?" var spørsmålet frå NK Anderssen på posten sin djupt nede i torpedobunkeren. "Visst Fanden skal der skytes med skarpt", var det kontante svaret fra festningskommandant Eriksen. Anderssen - frå Evje - fyrte laus og Blücher var dødsdømt. Ein kjenner ein stor stolthet og ærefrykt for desse mennene etter å ha lese den lille historia om dramaet på Oscarsborg 9. april 1940, ein dag som elles er ein av dei svartaste i Noregs historie. Forfattar er Anders Anderssen (biletet), som òg er oppvaksen på Evje.
Heftet inneheld elles ei historie om korleis "Dei gamle i Evje prestegjeld kom for retten etter Konventikkelplakaten". Forfattar er Olav Andreas Dovland. Mange bygdefolk, kvinner og menn, hadde delteke i "gudelige forsamlinger". 19 av dei blei dømde til fengselsstraff i 5 til 20 dagar på vatn og brød. Dette er forfedre me kan vere stolte av. Dei skal ha litt av æra for at me har forsamlingsfridom i Noreg i dag.
Erik Kjebekk skriv om Åsen, garden til Gro og Knut Jokelid midt mellom Flatebygd og Gautestad. I dag er det sonen Trygve og kona Jorunn som driv garden. Historia spenner frå øygard til gardsbruk og vidare til hyttegrend. Ei vakker historie om garden Åsen og Jokelid-slekta.
Olav Arne Kleveland
skriv om Evje og Hornnes for 100 år sidan. Denne faste spalta til Olav Arne har vore omtykt av mange. Som me veit gjekk Olav Arne brått bort for nokre veker sidan. Det er skrive eit fint minneord om han i Arnstein denne gong. Det er eit stort tap for sogelaget og bygda vår at det gode mennesket Olav Arne no er borte.
Anfinn Lislevann har skrive ein mykje interessant artikkel om historia til Evje Apotek. Soga strekker seg over tidsrommet 1914-1973. Dette er lokalhistorie av beste merke.
Oddmund Mogstad har teke føre seg "Hestepresten" Erich Anker Bruun. Det er sagt om Bruun at han var "en meget rask og begavet Mand, men efterlod sig ikke noget godt Ettermæle angaaende sit private Liv". Eva Haugen Sørgaard skriv om Furèr Aanon Åvitsland - ein bygdesogegranskar. Alt i 1914 hadde han utarbeidd eit Slægtsregister over gardane i Evje hovedsokn.
Til slutt skal det nemnast at det også er ein historie frå idretten i bladet. Underteikna har skrive om Evje stadion, ei historie som alt strekkjer seg meir enn 40 år bakover i tid. Om det er blitt eit leseverdig stykke må eg sjølvsagt overlate til lesaren å avgjere.
Om du er interessert i lokalhistorie og spanande hendingar med tilknyting til heimbygda di, kan eg på det sterkaste råde deg til å kjøpe ARNSTEIN for 2012.
Geir Daasvatn