Kommunestyret i Evje og Hornnes vedtok alt i november 2010 at kommunen skulle stå som byggherre og sørge for at det vart bygd ein kunstgrasbane ved Evje stadion. Dette prinsippvedtaket vart fylgd opp under handsaminga av budsjettet for 2011 i møtet i kommunestyret sist fredag. Kunstgrasbanen vart teken inn i investeringsbudsjettet med ei ramme på 6 mill kroner. Dette vedtaket er me i idrettslaget sjølvsagt strålande nøgde med og svært takksame for. Det kan du lese meir om her.
Men Dreng har misforstått prosjektet noko når det gjeld dei 6 millionane. Dei siste overslaga over kostnadene med å byggje banen syner ei utgift på om lag 6,4 mill kroner. Av dette vil kommunen om ei tid få attende ca 2,1 mill kroner i spelemidlar frå staten. Kommunen vil óg etter gjeldande reglar få attende utgiftene til moms i prosjektet, berekna til rundt 1,1 mill kroner. Otra IL/ fotballgruppa skal bidra med eit kontanttilskot på minst 500.000 kr. og gjere dugnad verd kanskje opp mot det same. Dei direkte utgiftene til kommunen vert difor ganske sikkert reduserte til høgast om lag 2,2 mill kroner etter kvart som prosjektet vert gjennomført.
Etter at banen er ferdig bygd kan han med godt vedlikehald brukast i minst 10 år frametter utan store oppgraderingar. Dei årlege kostnadane for kommunen til investeringa delt ut på desse 10 åra blir difor høgast rundt 220.000 kr. Det utgjer ca 0,1 % (ein tusendel) av driftsbudsjettet i kommunen (2011-tal). Kommunen si satsing på kunstgrasbane kjem difor i vegen verken for eldreomsorg, skule eller tekniske tenester.
Den økonomiske stoda i Evje og Hornnes kommune er såleis endå betre enn Dreng hadde i tankane då han stemde for å bruke opp til 6 millionar på kunstgrasbane!