På plata «Dalen vår» avdekker Otra-komponist Ole Aa. Brattfjord røtene sine, og blottlegg mykje av sjela si i tillegg. Dette er ei konseptplate han har arbeidd med i nær fem år. Laurdag 9. juni blir det lanseringskonsert og offisielt plateslepp i fjellhallen til Setesdal Mineralpark på Auensneset i Hornnes, og då kanskje også eit nytt høve til å oppleve Brattfjord framføre jubileumssongen «På 60 blank»? Sist han gjorde det i heimbygda var under Jordbærfestivalen i fjor.
«Dalen vår», med undertittelen «ei plate om røter og tilhøyrighet», er ei svært personleg plate. Fleire av tekstene tek utgangspunkt i Brattfjord sin eigen bakgrunn og oppvekst i nedre Setesdal, der innhaldet krinsar om folk og miljø frå dalen. «Dalen vår» er på den måten først og fremst ein hyllest til bygda og dalen der han sjølv hadde oppveksten sin, og røtene sine. Men i det ytre handlar det også om relasjonar og kjensler som alle menneske kan kjenne seg att i, uansett kor i landet dei måtte ha røtene sine.
Ole Aa. Brattfjord i studio
I tillegg kan ein på plata , både mellom og i songane, høyre røysta til fleire personar frå landsdelen. Blant dei som er med er tidlegare programsekretær i NRK, Sigmund Skomedal, pensjonert tannlækjar og idrettsentusiast Jon Omland, bakar Arvid Pedersen, kjend lokalpolitikar og kulturarbeidar Aud Helene Austegard og fleire til. Personar som på kvar sitt vis krydrar plata med kommentarar knytt til temaet og stemninga i dei ulike songane.
– Særleg glad og audmjuk er eg for heiderskvinna Solveig Åvitsland sine heilt særeigne bidrag. Den tilårskomne kvinnerøysta som opnar plata i introen til tittelsongen «Dalen vår» er Solveig Åvitsland. Der mimrar ho tilbake til unge år og ein skuletur dei hadde til Sarvsfossen i Bykle då ho var ung jente, og hadde livet framføre seg. Dalen var lengre og verda var større då. Solveig Åvitsland dreiv i ein kvinnealder Samyrkjelaget på Flatebygd i Evje og Hornnes, og var ein markant og kjend kvinneskikkelse i bygda. Ho var ei levande lokal historiebok, men diverre tok ho sine opplevingar og fargerike soger med seg i grava, fortel Ole Aa. Brattfjord.
Solveig Åvitsland døydde 1. mars 2012, og fekk aldri oppleve å høyre seg sjølv på plate. Ho blei 87 år gammal.
Platecoveret til "Dalen vår"
Plata «Dalen vår» har heile 18 spor, og eitt av dei er altså bestillingsverket «På 60 blank». Jubileumssongen vart gjeven ut som singelplate i høve femtiårsmarkeringa, og seld saman med Olav Arne Kleveland si flotte jubileumsbok. Men nå er songen også tilgjengeleg på Brattfjord si nye plateutgeving.
Dette plateprosjektet er ifølgje Brattfjord sjølvrealisering fra A til Å.
– Men i tillegg er det – i alle fall i mine auge – eit viktig stykke kulturarbeid forankra i det lokale og regionale. Eg har gjeve ut og vore med på plater tidlegare, men dette er den plata eg alltid har drøymt om å lage. Dette er meg, seier han.
Sjølv om den offisielle lanseringa skjer 9. juni, ligg plata alt ute for sal fleire stader. Du kan få kjøpe ho på Yx og på Spar på Verksmoen, på Tip Top i sentrum, på Neset camping og i Mineralparen, der konserten skal vere.