Sjølvaste jolaften fekk Kenneth Kylland i Dåsnesmoen gåva han knapt hadde våga å drøyme om - ei raud Liverpool-drakt med Carlsberg på.
Det vart ein usigeleg trist tur til Liverpool tidlegare i år for Kylland. Alle dei andre kompisane stilte opp på Anfield Road i den berømte raude trøya med Carlsberg-reklamen på. Medan Kylland - som den novisen han var i dette hardbarka supportarmiljøet - måtte ta til takke med den mykje mindre meritterte trøya frå i dag.
"Carlsberg-trøya" er heimedrakta til Liverpool frå den tida den ølglade dansken Jan Mølby regjerte på midtfeltet til storklubben. Den finaste tida. Carlsberg var draktsponsoren til Liverpool i heile 17 år, frå 1992 til 2009.
At Kylland var på fotballtur til Liverpool var elles ein aldri så liten sensasjon i seg sjølv. Kylland er norsk-amerikanar, og vaks opp i "statane". I college-tida var han som rimeleg er mest opptatt av amerikansk fotball. Han var og ein særs lovande friidrottslaupar, og ein av dei beste mellomdistanselauparane innan heile college-miljøet. "Soccer" - europeisk fotball - var mest som eit skjellsord å rekne. Når han nokre år seinare likevel gjekk med på å dra til Liverpool med kompisane, var nok grunnen sjansen som baud seg til å gå i fotspora til Beatles. For fotball var han etter eige utsegn "zero-zero" interessert i. Fotballkarrieren begrensar seg då au til nokre korte sesongar i rullatorgjengen heime på Evje, og mogelegvis nokre bedriftsfotballkampar for "Jord og Skog".
Saka fortset under biletet
Kenneth Kylland var ikkje mykje interessert i fotball og Liverpool før turen i vår.
Scott Kjetså, Ricky Smeland, Knut Birkeland og Rune Hornnes gleda seg difor ekstra mykje over å ha fått lokka honndølen med på reisa. Fotograf Jan-Sverre Jensen var au med på turen.
Men tilbake til saka: Carlsberg-trøya synte seg heilt umogeleg å få tak i. Ikkje eingong i den berømte supportersjappa på Anfield Road (biletet under) klarte dei å finne eit eksemplar. Endå lagersjefen leita gjennom heile varelageret, og det seier ikkje lite, før han slukøra måtte gje opp. Han var for øvrig utruleg forståelsesfull, den same lagersjefen, og gjorde sitt aller yttarste for å hjelpe. Det stod soleis ikkje på nokon måte på viljen - drakta var berre umogeleg å få tak i.
Saken fortsetter under bildet
Lagersjefen leita og leita, men det var umogeleg å finne drakta Kylland så desperat var ute etter.
Liverpool-supportar i over 40 år, Ricky Smeland, kunne heller ikkje hjelpe.
Kylland måtte difor dra mykje vonbroten heim att til fedrelandet og Dåsnesmoen utan drøymedrakta. Turen var, slik sett, heilt mislukka.
Men no, på sjølvaste jolaften, har underet skjedd og Kylland har fått tak i den kjære trøya. Det var materialforvaltaren i Liverpool FC, som heilt tilfeldig - via den føre nemde lagersjefen i supportarbutikken - hadde fått høyre om den ulukkelege Liverpool-supportaren frå Noreg og jakta hans på ei Carlsberg-trøye, som hadde sett seg i sving og skaffa fram den rette trøya. Det var beint fram inga enkel sak, då drakta som alt nemd ikke lenger var mogeleg å få tak i via dei vanlege kanalane.
Denne utruleg serviceinnstilte materialforvaltaren, som gjerne ville gjere alt for den mismodige honndølen, kom då på at han hadde eit eksemplar heime i sitt private fotballmuseum på soverommet. Det var for gale - tykte han - at drakta skulle ligge der og støve ned, og til stor irritasjon for kona. Nei, då var det mykje betre at ho kom til glede og nytte for ein så ihuga supportar heilt over på den andre sida av Nordsjøen.
Så no - for berre få dagar sidan - fekk denne vennlege engelskmannen sendt Carlsberg-trøya avgårde med Expresspost til Noreg. Sjølvaste jolaften kom ho til Evje, og vart beinveges frakta av Bilruta til Dåsnesmoen og postkassa til den nyfrelste Liverpool-supportaren.
Framleis med ekspressfart.
Det var ein mykje overraska, men desto meir utruleg glad, Kenneth Kylland som opna postkassa si seint på ettermiddagen på jolaften. Rett før han skulle avgårde i kyrkja. Der låg drakta som han dei seinaste månadene hadde sørga så mykje over å ikkje kunne få tak i. Korleis kunne det vere mogeleg? Det skal ikkje leggast skjul på at Kylland måtte ha ei høgtidsstund litt for seg sjølv - ute i hagen - då sanninga gjekk opp for han.
Men salige Bill Shanklys berømte ord rann han i hu - "Fotball er ikkje eit spel om liv og død. Det er mykje viktigare enn det." Slik følte Kylland det au der han stod ute på verandaen, endeleg med Carlsberg-drakta trygt plassert i dei skjelvande hendene sine.
På sjølvaste jolaften.
Jolefreden kunne no endeleg senke seg i den trivelege Kylland/Frøysaa-heimen.