Ytringsfridomen må vernast betre!
Fridomen til offentleg å setja fram meiningene sine - både gjennom tekst og bilete - er å rekne ikkje berre som ein menneskerett, men óg som eit av dei viktigaste middel me har til å skape trivsel og framgang i samfunnet. Ein kan seie at ytringsfridomen er ein grunnleggjande føresetnad for ei demokratisk styreform, ein vesentleg basis for kulturell utvikling og eit sentralt element i einskildmenneskets fridom. Prinsippet om ytringsfridom er nedfelt i vår eigen grunnlov. Han er óg verna gjennom Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 10.
Ein betutta fotograf må berre konstatere at han ikkje lenger er velkomen i Otrahallen på søndagskveldane
Denne grunnsteinen i vårt folkestyre er nå under sterkt press frå heilt uventa hald. Rullatorgjengen - som inntil nå har vore svært så positivt innstilt til den breie dekninga av gjengen på otrail.no - har plutselig snudd heilt om. Nå tykkjes det i staden å vere eit mål å få kvesta vår utsendte hardast mogeleg, slik at han skal bli heilt ute av stand til å gjennomføre sine ukentlege reportasjeoppdrag frå deira trim i Otrahallen på søndagskveldane. Dette fekk han smerteleg erfare då han i går kveld var på sin vanlege reportasjetur i Otrahallen for å sjekke dei siste nyhenda rundt Otras mest treningsviljuge lag. (Me jobber etter same prinsipp som Fædrelandsvennen i høve til Start: "Ingen nyheit er for liten til ei heilside i avisa!") Men sette veteranane pris på at me var tilstades for n´te gong, stikk i strid med det som er vanleg praksis når det gjeld oppfølging av veteranspelarar i mange andre samanliknbare klubbar i dei indre bygder på Agder?? Nei! Sjølv om fotografen strategisk plasserte seg i ribbeveggen langt unna målet for å ta bileta sine, og såleis på alle vis heldt seg langt utanfor faresona, var det tydeleg at fleire av spelarane med fullt overlegg gjekk inn for å sabotere arbeidet hans. Han vart pepra med skudd, så han mest kjente seg som Åge Hareide på pressekonferansen etter landslagets nederlag mot Holland i VM-kvalifiseringa. Og til slutt lukkast dei då óg med å "skyte" han ned frå veggen. Eit velplassert skot traff rett i bileteapparatet, og vidare beint i kjeven på den fra før noko tannlause fotografen. Med blodet silande frå munnen måtte han berre innsjå at han ikkje var velkomen på denne treninga, og forsiktig - og djupt vonbroten - trekkje seg tilbake i håp om å ikkje verta påført ytterlegare og kanskje endå meir alvorlege skader på lekamen...
Også tidlegare i sesongen har fotografen fått gjennomgå på veterantreninga
Me her på otrail.no har i sjølvransakingas ljos prøvd å tenkje oss kva som gjorde at rullatorane plutseleg fekk så mykje straum i batteria. Truleg vart einskilde fornærma av di me tok fleire bilete av spolerte 100-prosents sjansar, noko som - om det vart offentleg kjent - nok ville ha minka marknadsverdien på dei aktuelle spelarane mykje. Fleire veteranspelarar vurderer jo etter det me har fått signal om overgang til den nystarta men hardtsatsande semiprofesjonelle naboklubben FC Bilringen. Mange der er sjølvstendig næringsdrivande, og i den klubben kan dei då naturleg nok betale noko meir i månadsløn enn det Otra si fotballgruppe kan stille opp med. Men sjølv om me kan ha forståing for frustrasjonen til dei som kanskje frykta at ein lukrativ kontrakt med FC Bilringen kunne gå i vasken, kan me sjølvsagt ikkje på nokon som helst måte akseptere at det beint fram skal vere helsefarleg å rapportere om alt det spennande som hender i Otrahallen.
Meir kapitalsterk fotballinvestor
Redaktøren av fotballsidene på otrail.no vil difor no nøye vurdere å gjere framlegg til styret i Otrahallen AS om at det vert bygd ei presselosje i hallen. For å sikre pressefotografane optimale forhold, kunne den for eksempel byggast som eit glassbur (skuddsikkert glass) festa til veggen rett under tidtakaruret i hallen. Mest som den utvendige heisen på Oslo Plaza. Ein slik konstruksjon ville nok vekkje stor merksemd blandt tilskodarane, og dermed også føre med seg større merksemd på reklameskiltet til hovedsponsoren Evje og Hornnes Sparebank som er satt opp i tilknytning til uret. Det ville utan tvil vere eit framifrå nytt forhandlingskort neste gong sponsoravtalen skal reforhandlast. Sjølv om ei slik løysing ville koste noko, kanskje rundt 400.000 kr., meiner me det er naudsynt og ei rimeleg investering for å verne om ein av dei viktigaste verdiane som finst i samfunnet vårt, nemleg fridomen til fritt å kunne få uttrykkje seg i tekst og bilete. Utan naudsynt tryggleik for pressefotografane i Otrahallen er ytringsfridomen ikkje verdt papiret Grunnloven er skriven på!
Otra IL sin formålsparagraf seier at idrettslagets oppgåve er "ved samarbeid og kameratskap å fremme idrett i sunne former". Slik forholda no er på veterantreninga, med harde slag mot treskallen til fotografen mest kvar einaste gong, kan ein ikkje seie at det som skjer er idrett i sunne former. Den handsaminga han er utsett for i det siste kan heller ikkje seiast å vere spesielt kameratsleg... Det er nok å kaste eit kjapt blikk på bileta ovaføre, så skjøner einkvar at verksemda til rullatorgjengen no er i ferd med å gå over styr. Om ikkje forholda betrar seg, kjem me derfor óg til å involvere Otras daglege leiar for å setje dei alt for skotville veteranspelarane på plass. Han bruker slik biletet nederst på sida syner ikkje å vere i beit for tungtvegande argument, og vil heilt sikkert kunne skape meir respekt og tryggleik for det viktige arbeidet pressen gjer for å få fram mangfoldet i idrettslivet i bygda. For det handler om respekt - ikkje sant?
Om ikkje det blir slutt på "nedskytinga" og maltrakteringa av pressefotografen vår med det same, set me Tony på saken...